|
Tveit Camping ligg mellom Riksveg 13 og Sognefjorden, 3,5 km. vest for Vangsnes fergeplass. Plassen har 300m strandlinje. Alle plassar og hytter har utsikt til fjorden. Vi har småbåthavn - båtutleige for småbåter - fiskebrygge - turstiar til fjells. 20 min. biltur til Vikafjellet (med sidevegar og turstiar). 15 min. biltur til stavkyrkje og steinkyrkje frå år 1130. Dagsturar til Gudvangen og Nærøyfjord (UNESCO liste) , Flåm og Flåmbana. Ekspressbåt til Bergen sentrum. Båttur til Fjærland buss til Jostedalsbreen. Båttur til Balestrand med akvarium-turisthotell-kunst & kultur. Båttur 1/2 dagstur langs sognefjorden til Finnabotn. Vik sentrum, kunst og kultur. Naturperler finn De også ved ein biltur til Arnafjord, Feios og Fresvik. Kartkopiar får de låne eller kjøpe i resepsjonen. Plassen har ca. 30 vogn/telt plassar. Dei fleste med strømm og tilgang internett. 5 einroms hytter med 4 køysenger med madrasser-kokeplate-varmeovn-varmt & kaldt vatn-kjøleskap. Sengeutstyr må medbringast. 5 toromshytter med dusj/wc, soverom med dobbelseng, opphaldsrom med sovesofa. Dyner og puter til 4 pers. Sengklær må medbringast (Eingangsett kan kjøpast). Kjøkken med utstyr for 4 pers. Nokre med TV og internett. |
|